Til Palestina i 2011?

Etter ein vellukka tur til Palestina i år, har fleire etterlyst ny tur neste år. Difor har vi bestemt at dersom det melder seg nok interesserte, vil vi organisera ny tur i haustferien, veke 41 i 2011. Vi startar i Nablus kor vi opplever venskapsbyen vår og møter venene våre der. Deretter dreg vi om Nasareth til Jeriko, verdens eldste by før vi ender i Jerusalem kor vi bur dei siste dagane. Frå Jerusalem tek vi og turen til Betlehem og Hebron. På vegen tek vi med historiske og religiøse stader og møter menneske som kan fortelja oss meir om daglegliv under okkupasjon. Vi møter også ulike grupper for ikkje voldeleg motstand. Prisen blir som i fjor, ca 14.500 i dobbeltrom, og 17.500 i enkeltrom.